Historikk

Ad Libitum er eit blanda kor (SATB) frå Sveio kommune sør i Hordaland. Koret har sidan starten i 1983 vore leia av dirigenten, Per Bjørn Habbestad, og tel i dag rundt 40 songarar.

Sveio kommune (www.sveiokommune.no) med sine rundt 4800 innbyggjarar, grensar til Haugesund I sør og Sunnhordland i nord – samanknytta gjennom Trekantsambandet som bind Bømlo og Stord til fastlandet, Sveio.

Sveio er kjend som fødestaden til den vidgjetne komponisten Fartein Valen og heimen hans vert aktivt nytta til konsertverksemd og opphaldsstad for stipendiemottakarar.

Sveio kommune har renovert den avvikla fyrstaden Ryvarden og utvikla det populære turmålet galleri Ryvarden – som årleg blir besøkt av meir enn 30000 mennneske.

Sveio har også bygt ut eit storslege,regionalt golfanlegg -18 hol ferdige i 2008- over eit 1200 mål stort villmarksområde, grensande til eit stort naturreservat for fuglar , like ved kommunesenteret.

Ad Libitum har eit repertoir som femner frå norske folketonar til negro spirituals, populærlåtar frå 60-, 70- og 80-talet og folketonar frå andre kontinent. Koret syng normalt a capella, men har også utvikla ein tradisjon med å samarbeida med profesjonelle musikarar i ulike samanhengar.

300 år sidan Petter Dass’ død – konsert-samarbeid med Ola Bremnes og Bremnes Kantori (nov 2007)

Helga 16. – 18. november hadde Ad Libitum konsertar i Sveio kyrkje, Bremnes kyrkje og Vår Frelsers Kirke.

På programmet stod eit knippe av Ola Bremnes sine arrangement og tonar på Petter Dass-tekstar.

Ad Libitum samarbeidde denne gongen med Bremnes Kantori og musikarane Nils Økland (fiolin), Torbjørn Økland (gitar) , Kristin Skaare (piano) og Kjetil Lundø (bass).

Konsertane samla mellom 5 og 600 tilhøyrarar.

PopKORn (mar 2007)

feb07-004.JPG

Ad Libitum arrangerte 2 PopKORn-konsertar i samband med opninga av Vigdartun.

Det nye auditoriet viste seg godt eigna til føremålet og konsertane samla rundt 300 tilhøyrarar.

Svein Ragnar Myklebust (tangentar) og Jostein Marø (gitar) akkompagnerte populærlåtane.

Finn Magnus Helland innvia flygelet som Ad Libitum og Sveio Musikkskule hadde kjøpt inn til bygda si nye kulturstove.

Kilden – samarbeid med Kjell Habbestad og Berit Opheim (April – Mai 2006)

berit_opheim_bilde_2.jpg

Ad Libitum framførte norske folketonar – hovedsakleg arrangert av Kjell Habbestad, i samarbeid med Kjell Habbestad (orgel), Ida Habbestad (fløyte) og Berit Opheim (vokal).

Konsertane vart framførte i Sveio kyrkje, Nysæter kyrkje og Bremnes kyrkje i april.

Koret reiste seinare til Irland med det same programmet som vart framført i St. Patrick’s cathedral og Whitefriar Street Church, begge Dublin i mai 2006.

PopKORn (April 2005)

Ad Libitum framførte hits frå -70 og -80-talet på Sveio Sambrukshus (ca 200 tilhøyrarar).Svein Ragnar Myklebust (tangentar) og Jostein Marø (gitar) akkompagnerte.RATO (Ragnar Enge og Tom Andre Enge) og Marianne Natås var gjesteartistar i forestillinga.

“Stjerna fra øst” – med Geirr Lystrup og Moskva Balalaika Quartet (Des 2004)

2004-12-04.jpg

Geirr Lystrup si juleforteljing basert på russiske folketonar og tradisjonar, vart framført i Sveio og Nysæter kyrkjer saman med Geirr Lystrup og Moskva Balalaika Quartet.

Lina Sandell (100 år) – Ad Libitum og Anita Skorgan (feb 2004)

2004-02-19.jpg

I denne konserten knytta me saman kjende og kjære Lina Sandell-tekstar og let oss inspirera av samarbeidet mellom Iver Kleive, Knut Reiersrud og Carola.

Med Anita Skorgan som solist og akkompagnert av Svein Ragnar Myklebust (tangentar) og Jostein Marø (gitar), heldt Ad Libitum 3 godt besøkte konsertar i Sveio, Nysæter og Norheim kyrkjer.

Julekonsert med Hanne Krogh (des 2003)

Ad Libitum og Sveio barnekor hadde julekonsert med Hanne Krogh i Sveio kyrkje.

Norske folketonar til Praha (mai 2003)

Ad Libitum samarbeidde med Habbestad Ensemble (Kjell Habbestad,orgel, Ida Habbestad,fløyte, Ingvild Habbestad, fiolin og Erlend Habbestad, chello) og framførte norske folketonar – fyrst på heimebane i Sveio kyrkje – og deretter i 3 flotte katedralar i Praha – Sv Jilji, Salvatora og Jakuba.

PopKORn (mars 2003)

Hits frå -60, -70 og -80-talet framført på Sveio Sambrukshus i samarbeid med Svein Ragnar Myklebust (tangentar) og Jostein Marø (gitar).

Julekonsert med Hanne Krogh

Ad Libitum og Sveio barnekor hadde julekonsert med Hanne Krogh i Valestrand kyrkje

Landstad (200 år) oratorium – Kjell Habbestad (nov 2002)

I høvet 200 år sidan Landstad si fødsel laga Kjell Habbestad eit oratorium basert på Landstad tekstar.

Dette vart framført saman med Habbestad ensemble og solist Njål Sparboe i Skjold og Sveio kyrkjer.

PopKORn – Musicals (feb 2002)

Ad Libitum framførte musicals i samarbeid med Haugesund Revyorkester – Unni Hilt (vokal), Jostein Hustveit (slagverk), Svein Olav Herstad (tangentar) og C Welde (gitar).

Mitt hjerte alltid vanker – Ad Libitum og Jan Ingvar Toft ( des 2001)

Julekonsert i Sveio kyrkje saman med Jan Ingvar Toft (vokal) og Haugesund Revyorkester (sjå ovafor).

PopKORn (feb 2001)

Hits frå -60 og -70-talet framført av Ad Libitum og Haugesund Revyorkester.

Norske folketonar – Ad Libitum og Habbestad ensemble (mai/juni 2000)

Norske folketonar – delvis arrangert av Kjell Habbestad – framført i Sveio kyrkje og seinare framført katedralane Edinburgh,Stirling & Dunblane i Skottland.

PopKORn (feb 2000)

Hits frå -60 og -70-talet framført saman med Haugesund Revyorkester i Sambrukshuset.

Ad Libitum og Morten Arnesen (mar 1999)

Konsertar framført i Skåre, Sveio og Bremnes kyrkjer.

KorTi’ (nov 1998)

Samarbeid mellom Ad Libitum og fylkesmusikarane i Hordaland om jazz hits.

Svein Ellingsen og Habbestad ensemble (sep 1998)

1999-03-22.jpg

Ad Libitum og Habbestad ensemble framførte Salmer av Svein Ellingsen tonesett og arrangert av Kjell Habbestad – i Sveio og Nysæter kyrkjer.

DÅM – Sondre Bratland og Ad Libitum (feb 1998)

Vis alle bilder i lysbildeframsyning