24. november 2013

Julekonsert med Ad libitum, Sveio barnekor og Det Norske Festorkester

På søndag kan de gle dykk til ein flott julekonsert i Sveio kyrkje.

Ad libitum samarbeider denne gongen med barnekoret og Det Norske Festorkester og på programmet står mange av dei vakraste juletonane våre – nye som gamle.

Ad libitum med sine 35 medlemer, feirar i år sitt 30- års jubileum og har markert dette med jubileumskonsert i vår og med julekonserten i haust. Ad libitum har også med seg Sølvi Heimestøl som solist.

Barnekoret har også hatt ein aktiv sesong og tel med store og små over 70 songarar frå heile kommunen. Dei hadde seinast i oktober ein flott konsert med besøk av Eli Rygg frå Porteveien 2.

Det Norske Festorkester består av musikarane: Harald Levang (trommer), Jostein Marø (gitar), Torfinn Thorsen (bass), Eivind Juel Wibe Fiksdal (gitar), Jan Even Vik (tangentar) og Åshild Milje Nesheim (vokal).

Programmet er variert og publikum vil kjenna att nye og gamle songar i repertoiret; bl.a.: The First Noel, Nordnorsk julesalme, Himmel på jord, Lys i mørketida, Glade jul og Vitae lux.

-Sveio har eit sjeldan godt barnekor som Ingrid Furdal har bygd opp med kyndig hand.    Me gler oss til å syngja saman med dei og festorkesteret på søndag, seier dirigent Per Bjørn Habbestad.

For nærare informasjon, kontakt: Per Bjørn Habbestad 900 355 38

Vis alle bilder i lysbildeframsyning