25. mars 2014

Konsert med Alf Prøysen-sanger 4 april 19.00


Alf Prøysen ville fylt 100 år i 2014, og i samband med jubileet inviterer Ad Libitum til konsert fredag 4. april kl. 19:00 i Sveio Kyrkje.

I tillegg til Ad Libitum medverkar ekteparet Elin Prøysen og Egil Johansson, samt Vegard Prøysen og Ragnar Enge. Elin er dotter og Vegard barnebarn til Alf Prøysen.  Sistnevnte er forøvrig født og oppvaksen i Sveio.

Programmet blir allsidig med ein blanding av eigne innslag frå Ad Libitum, Elin & Egil, Vegard & Ragnar, samt felles innslag. Melodi & tekstar er i all hovedsak frå Alf Prøysens rikholdige skattekiste og omfattande produksjon. Kven har vel ikkje eit forhold til sangar som ’Jørgen Hattemaker’, ’Sønnavindsvalsen’ og ’Du skal få ein dag i mårå’ for å nevna nokre som er på reportoaret.

Me er svært glade for å ha med Elin og Egil på konserten. Dei reiser ”land og strand” og gjer konsertar i eit travelt jubileumsår. Vegard og Ragnar har gjort ein heil del musikalsk saman. Dei har blandt anna sett melodi til ein del dikt/tekstar av Alf Prøysen, og gjort fleire opptredenar og diverse innspelingar, samt skrive om Alf Prøysen tekstar til Sveio-dialekt. Konserten er også eit av høgdepunkta i Ad Libitum’s 30-års jubileums sesong.

Dette blir ei flott konsert oppleving med god lyd i Sveio Kyrkje.

Vis alle bilder i lysbildeframsyning