17. april 2018

KOR og QUIZ

Ad Libitum inviterer til vårkonsert (KOR QUIZ) i Sveio Soknehus søndag 22. april kl. 19:00.  Programmet inneheld eit breidt reportoir av sangar som blandt anna inkluderar Vamp, Ola Bremnes, Alf Prøysen og ABBA. Denne gong har me med oss Knut Aabø på tangentar.  Lokale ungdommar frå Sveio vil også medvirka med eigne musikalske innslag. Nytt for anledningen er at det også blir Quiz der alle kan delta! Besse det så vankar det også litt mat og drikke for dei som ynskjer det.

Dette blir altså ein allsidig kveld med musikk og hygge for ein kvar smak.

Knut Aabø er med oss for første gong. Han er utdanna pianist og arrangør ved Rogaland Musikkonservatorium og arbeider hovedsaklig som kapellmester og arrangør. Knut gjer jevnlig produksjonar for Rogaland Teater, Stavanger Konserthus, Kvammen&Sægrov og Kulturkompaniet. Han er ein ettertraka repetitør, og hans allsidige frilansverksemd omfattar bl.a jobbing med Britt-Synnøve Johansen, Dag Schreiner, Randi Tytingvåg, Hanne Sørvaag, Heine Totland, Tor Endresen, Venke Knutson, Grethe Svensen, Espen Hana, Mia Gundersen, Jahn Teigen, Anita Skorgan, Halvdan Sivertsen og Rita Eriksen. No også Ad libitum.

Ad Libitum har i mange år samarbeida med både barnekor og ungdoms solistar leia av Ingrid Furdal. Denne gong får me gleda av å høyra Tiril Birkelid, Andrea Jeanett Huseby, og Elena Radulov. Dei vil framføra kjente og flotte låtar både som solistar og i felles nummer.

Koret Ad Libitum er eit kor som spenner vidt med nær sagt alle typar repertoir. Koret har samarbeidd med profesjonelle musikarar og solistar, mellom andre artistar som Rita Eriksen, Hanne Krogh, Ola Bremnes, Bjørn Eidsvåg, Anita Skorgan, Sondre Bratland, Geirr Lystrup, Iver Kleive, Knut Reiersrud, Nils & Torbjørn Økland, for å nevne nokre.

Ad Libitum tel over 30 songarar og vert leia av dirigenten, Per Bjørn Habbestad.

Billettar vert selt ved inngangen og konserten startar kl. 19.00 (søndag 22. april).

Konserten vert halden i Sveio Soknehus og inntektene frå arrangementet går til Sveio soknehus.

Vis alle bilder i lysbildeframsyning